Fjaler kommune Helse og omsorg

Helgestilling og tilkallingsvikar innan helse- og omsorg

Fjaler kommune har ledige helgestillingar og ekstravakter for tilkallingsvikarar ved Fjaler sjukeheim, i heimetenestene og i miljøtenesta. Helgestillingane er om lag 10-20 %. 

Vi ser etter medarbeidarar som har interesse av å jobbe med menneske. Vi vil tilsetje fortløpande ved behov gjennom året. Du vil få ei stadfesting på at vi har motteke din søknad. 

 Vi vil ta kontakt med deg dersom vi har ei stilling som er aktuell for deg. Det kan gå noko tid før du høyrer frå oss, da behovet for helgestillingar og tilkallingsvikarar kan variere veldig.

 

Arbeidsoppgåver

  • Varierande oppgåver etter arbeidsstad og brukarar. Felles for alle våre arbeidsstader er fokus på god pleie og omsorg.

Kvalifikasjonar

  • Alle søkjarar må ha fylt 16 år
  • Det er ein føremon om du har fullført eller er under utdanning innan helse- og sosialfaglege yrke som t.d. sjukepleiar/vernepleiar/sosionom/helsefagarbeidar etc.
  • Søkjarar til arbeid i heimetenestene må ha førarkort klasse B
  • Alle må levere politiattest og MRSA- og tuberkulinerklæring før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Interesse for å arbeide med menneske
  • Vere fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til god samhandling med brukarar og tilsette

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff og lokale tillegg. Høgskulestudentar innan helse- og sosialfag vert løna utifrå kor langt ein er komen i studiet
  • Pensjonsopptening i KLP
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

Kontinuerleg

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Dale i Sunnfjord

Kontaktpersonar:

Hanne Ulvatne Igelkjøn - koordinator tenestekontoret

tlf: +47 57738125

Adresse:

Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord

Kart: