Fjaler kommune Miljøtenesta

2. gongs utlysing

Helsefagarbeidar i Miljøtenesta 100 % fast stilling

Vil du jobbe for gode tenester til personar med utviklingshemming, og legge til rette for meistring, aktivitet og trivsel? Då kan du vere personen vi ser etter.

Miljøtenesta har no ledig ei 100 % fast stilling. Som helsefagarbeidar i Miljøtenesta vil du ta del i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Det er moglegheit for å jobbe langvakter i turnus om du ønskjer det. Vi håper du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Vi gler oss til å fortelje deg meir om korleis det er å vere ein del av tenesta vår, og korleis dei dyktige tilsette hos oss jobbar godt og målretta med miljøarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
  • Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar med brukarane
  • Samarbeid og ivaretaking av brukarar og pårørande
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Journalføring og dokumentasjon
  • Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande autorisasjon
  • Førarkort kl. B
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Du må bidra aktivt til et positivt arbeidsmiljø
  • Engasjement for miljøarbeid for personar med utviklingshemming

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjonsordningar
  • Rabatterte forsikringar i KLP
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å
trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

30.04.2024

Tiltreding:

Snarast og etter avtale

Arbeidsstad:

Dale i Sunnfjord

Kontaktpersonar:

Merete Vågane Helle

tlf: 41606775

Adresse:

Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord

Kart: