Fjaler kommune Fjaler sjukeheim

2. gongs utlysing

Vi søkjer dyktig kokk til kjøkkenet ved Fjaler sjukeheim

Vi har ledig eit 100 % vikariat som kokk på kjøkkenet på Fjaler sjukeheim frå snarast og eit år fram i tid. På kjøkkenet produserer vi heimelaga, næringsrik tradisjonsmat, supper og dessertar etter kok/kjøl- kok/server- og sous vide- prinsippet. No ser vi etter ein positiv og fleksibel kokk som vil jobbe med oss eit år medan ein av våre tilsette har permisjon for å jobbe med andre oppgåver i kommunen.

Fjaler sjukeheim har eige og godt utstyrt institusjonskjøkken i underetasjen på helsetunet. Hos oss har vi tre faste stillingar. Det blir servert 4 hovudmåltid kvar dag, og i tillegg blir det servert mellommåltid.

Maten frå kjøkkenet ved sjukeheimen er laga utifrå anbefalte retningslinjer frå Helsedirektoratet, og vi legg til rette for diettar og ulike typar ønskekost når bebuarane har behov for det. Forutan mat til bebuarane, så produserer kjøkkenet mat til heimebuande etter kok/kjøl- prinsippet. Denne blir levert til heimebuande to gongar i veka. Arbeidstida i stillinga er vekedagar mellom 07.00- 14.30, og som tilsett på kjøkkenet har ein fri alle heilagdagar.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon om stillinga, vi håpar å høyre frå deg.

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av middag, lunsj, dessert og diettar
  • Ansvar for å følgje dei rutinar i IK- Matsystem som gjeld eige område

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk eller institusjonskokk.
  • Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid utan fagbrev vil og bli vurdert

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og effektiv
  • Sjølvstendig
  • Positiv
  • Fleksibel
  • God på kommunikasjon og samarbeid

Vi tilbyr

  • Garantiløn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Introduksjonsprogram for nye tilsette
  • Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer



Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å
trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

08.05.2024

Tiltreding:

Snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

Dale i Sunnfjord

Kontaktpersonar:

Evy Solheim

tlf: +47 57738147

Adresse:

Dalsvegen 81 6963 Dale i Sunnfjord

Kart: