Ledig stilling i reinhaldssentralen
Reinhaldsoperatør til 50 % fast stilling ved Våge barnehage
Reinhaldssentralen har no ledig ei 50 % fast stilling og ser etter deg som liker å jobbe med reinhaldsoppgåver, som er nøyaktig og har eit auge for detaljar. Oppmøtestad er for tida Våge barnehage. Stillinga har arbeidstid på dagtid måndag til fredag, med start kl. 06.00.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg og periodisk reinhald
- Vedlikehald av golv
- Hovudreinhald
- Andre oppgåver innan reinhaldsfaget
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldsoperatør. Søkjar som ikkje har fagbrev kan bli vurderte om dei har lang erfaring frå reinhald og er villig til å ta fagbrev.
- Minimum B1 nivå på norsk skriftleg og munnleg
- Søkjarar må ha fylt 18 år
- Sertifikat kl. B og disponere eigen bil
Ønskjeleg
- Erfaring med bruk av ulike reinhaldsmaskiner.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Serviceorient og omgjengeleg
- Trivast med varierte reinhaldsoppgåver og fysisk arbeid
- Vi vektlegg at ein er personleg egna til stillinga
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- 10 000 kroner tillegg som er alltid på topp av grunnlønn
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- Å tilrettelegge for at du kan ta fagbrev som reinhaldsoperatør parallelt med arbeidet
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
12.02.2025
Tiltreding:
01.04.2025
Arbeidsstad:
Våge barnehage
Kontaktpersonar:
Linn Iren Halvosen
mob: +47 90408598
Heimeside:
http://www.fjaler.kommune.noAdresse:
Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord