Vil du bli helsefagarbeidarlærling hos oss?
Vi gler oss til å ta i mot 2 nye lærlingar som helsefagarbeidarar frå august 2025. Vi har eit godt organisert program for våre lærlingar, og har fokus på å leggje til rette for ei god læretid og skape interesse og engasjement for yrket. Som lærling i Fjaler vil du ha variert praksis, og vil bli fulgt opp av fagleg leiar i helse og omsorg, i tillegg til oppfølging frå instruktørar i dei ulike einingane.
Er du interessert i å vite meir om lærlingordninga hos oss? Då håpar vi du tek kontakt så vi kan få fortelje korleis det er å vere lærling hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Tilrettelegging og oppfølging av tenester til brukarar
- Tverrfagleg samarbeid og samhandling med pårørande
- Målretta miljøarbeid
- Føring og bruk av opplæringslogg
- Dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Bestått VG1 Helse- og oppvekstfag, dokumentasjon for fullført og bestått VG2 må leggast fram før signering av lærekontrakt
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi-, MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Positive haldningar og gode samarbeidsevner
- Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
- Kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Varierte praksisperiodar i heimetenestene, ved Fjaler sjukeheim, og i miljøtenesta
- God oppfølging av dyktige instruktørar, rettleiarar og leiarar med fagleg bakgrunn
- Spennande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid og hyggelege kollegaer
- Lærekontrakt og opplæringskontrakt
- Mellombels tilsetting i Fjaler kommune som lærling i 2 år
- Løn under utdanning
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Årmål
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
16.02.2025
Tiltreding:
August 2025
Arbeidsstad:
Dale i Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Hanne Ulvatne Igelkjøn - koordinator tenestekontoret
tlf: +47 57738125
Heimeside:
http://www.fjaler.kommune.noAdresse:
Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord