Fjaler kommune Fjaler sjukeheim

Servicevert ved Fjaler Sjukeheim 100 % fast stilling

Vi ser etter deg som har interesse for å arbeide med menneske innan eldreomsorg , som er serviceinnstilt og som finn det givande å vere til støtte, hjelp og formidle tryggleik for bebuarane og brukarane av Fjaler Sjukeheim. 

Med tanke på framtidas behov innan eldreomsorg, ser vi no på korleis vi kan løyse oppgåvene framover på ein anna måte. Vi har jobba systematisk over tid for å finne dei beste løysingane for framtida og gjennom prosjektarbeid som deltakarar i KS sitt læringsnettverk, har vi no landa på å tilsetje ein servicevert.

Vi håpar du søkjer på denne nye og spennande stillinga som vil være av stor verdi for bebuarane og brukarane av Fjaler Sjukeheim.

Vi ser behov for ein ny medarbeider som skal jobbe med følgande arbeidsoppgåver:

  • Delta i daglege og praktiske oppgåver i avdelingane
  • Praktisk hjelp under måltid
  • Aktivitet saman med pasientane
  • Enkle reinhaldsoppgåver
  • Følgje pasientar til behandling utanfor institusjon t.d tannlege, sjukehus
  • Vere delaktig i arbeidet kring trivselstiltak, både inne og ute, t.d pynte til høgtider, hagearbeid
  • Avlaste helsepersonell
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre

Arbeidsoppgåvene er ikkje utfyllande og vil kunne endrast etter behov.

Kvalifikasjonar:

  • Personleg eigna og interesse for tenesta
  • Godt humør
  • Du må trivast å jobbe med eldre
  • Gode haldningar og vere ein god rollemodell for dine kollegaer
  • Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
  • Fleksibel, løysningsorientert, engasjert og kreativ
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og halde god orden
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest
  • Godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
  • Førarkort klasse B er ynskjeleg

Hos oss får du:

  • Løn etter utdanning og erfaring (assistent eller fagarbeider)
  • Arbeid på dagtid (for tida 08.00-15.30) 37,5 t/veke
  • Vere med på å forme stillinga sjølv
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer.
  • Fadderordning og introduksjonsprogram for nytilsette

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.03.2025

Tiltreding:

Snarast/etter avtale

Arbeidsstad:

Dale i Sunnfjord

Kontaktpersonar:

Evy Solheim

tlf: +47 57738147

Adresse:

Dalsvegen 81 6963 Dale i Sunnfjord

Kart: