Fjaler kommune Flekke skule og barnehage

Fagarbeidar i Flekke barnehage 100 % fast stilling

Vi har ledig 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Flekke barnehage med oppstart 1. oktober 2025.

Vi ser etter deg som har ekstra lyst til å lage gode kvardagar for store og små og vi ynskjer at du er god på å bygge relasjonar til barna og deira føresette.

Flekke barnehage har for tida 36 barn fordelt på tre avdelingar. Barnehagen er lokalisert i same bygg som skulen, og vi har difor ekstra tett samarbeid med skulen.  Vi ligg fint til nær sjø og skog, og har som mål å vere mykje utandørs uansett om det er sol eller det bles og regnar. Uteområdet vårt har både tilrettelagde og naturlege utfordringar for fin og variert leik.

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. Annan relevant utdanning og erfaring kan bli vurdert.
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ynskjeleg, men ikkje eit absolutt krav
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit hektisk og aktivt miljø og samstundes ha eit godt humør.

Vi legg vekt på at du er personleg egna til stillinga

 

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Ein variert og kjekk kvardag
  • Løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

 

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om stillinga eller arbeidsplassen. Vi ser fram til å høyre i frå deg.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.05.2025

Tiltreding:

01.10.2025

Arbeidsstad:

Flekke barnehage

Kontaktpersonar:

Ingvard Flekke

tlf: +47 57738056

mob: +47 91880274

Adresse:

Hauglandsvegen 50 6968 Flekke

Kart: