Fjaler kommune Miljøtenesta

Er du ein engasjert person som brenn for miljøarbeid?

Sjukepleiar i Miljøtenesta 100 % fast stilling

Miljøtenesta har ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar. Hos oss blir du ein del av eit triveleg og dyktig kollegium som yt bistand til menneske med ulik fysisk og psykisk funksjonsnedsettingar uavhengig av alder. Du kan forvente deg ein variert kvardag med eit brett tilbod av arbeidsoppgåver, tverrfagleg samarbeid og aktivitetar der brukarfokuset er høgt. Saman legg vi til rette for du skal få utvikle deg, bruke kompetansen din og vere ein verdsett kollega. Arbeidstid vil vere dagvakt med 3. kvar helg evt. 4. kvar med langvakter. 

Vi ser etter deg som er oppteken av miljøarbeid, eller er motivert til å lære om det. Du har evne til å reflektere saman med andre og for deg sjølv og likar å finne løysningar når ting er vanskeleg. Eldrebølga har òg kome til miljøtenesta og vi treng difor meir somatisk kompetanse. Du vil jobbe med brukarar som har eit samansett sjukdomsbilde og vi treng difor din kompetanse. Vi ynskjer nokon som kan vere med på å vidareutvikle tenesta og ivareta dei daglege sjukepleiefaglege oppgåvene.

Hos oss får du introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter utdanning og erfaring og vi har gode pensjons- og forsikringsordningar. Alltid på topp tillegg for sjukepleiar i turnus på  kroner 35.000. 

Kva seier dei som jobbar i Miljøtenesta i Fjaler om jobben sin? 

«Eg syns at det er utruleg kjekt å komme på jobb. Ein blir alltid møtt med eit smil og vi hjelper kvarandre for at vi skal ha det godt på jobb»
«Det er så motiverande å sjå kor dyktige dei eg jobbar saman med er med brukarane. Og korleis vi på ulikt vis kan finne fram til ei løysning, og så delar vi erfaringar»
«Det å vere ny i praksis og føle at ingenting er dumt å spørje om, er ein god følelse. Det bidreg til at ein lærer mykje meir og at ein blir meir motivert til å gjere ein god innsats» - sjukepleiarstudent.

Kvalifikasjonar:

  • autorisasjon som sjukepleiar
  • sjukepleiarstudentar som er ferdig utdanna sommaren 2025 kan søkje på stillinga
  • anna relevant helsefagleg utdanning på høgskulenivå kan bli vurdert
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • førarkort kl. B
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

 Personlege eigenskapar:

  • god på kommunikasjon og samarbeid
  • du er engasjert, tek initiativ og har gjennomføringsevne
  • strukturert, fleksibel og stor grad av sjølvstende
  • evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

 Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga.

 

Vi håpar du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Vi gler oss til å fortelje deg meir om korleis det er å vere ein del av tenesta vår.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

01.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Dale i Sunnfjord

Kontaktpersonar:

Anna Myklebust Johannessen

Stilling: Tenesteleiar Miljøtenesta

tlf: +47 57738143

Adresse:

Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord

Kart: