Fjaler kommune Helse og omsorg

Teamleiar innan miljøarbeid 100 % fast stilling

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som teamleiar i BPA og delteneste i miljøtenesta. Teamleiar jobbar 40 % med administrative oppgåver og 60 % i turnus med langvakter og medlevarvakter.

Vi søkjer etter ein teamleiar til å ha ansvaret for den daglege drifta i eit BPA og ei delteneste i miljøtenesta. Vi ser etter ein person med kompetanse og erfaring innan leiing og som har kunnskap og kompetanse på miljøterapeutisk arbeid. Arbeidsoppgåver til stillinga vil og vere å følgje opp dei tilsette med opplæring, fagleg støtte og rettleiing for å sikre god og lik praksis i dei brukarretta oppgåvene.


Kan dette vere noko for deg? Då håper vi du tek kontakt med oss for meir informasjon om stillinga.

Arbeidsoppgåver:

  • fagleg ansvar med oppfølging, tilrettelegging og utvikling av tenester i samsvar med vedtak, retningsliner og lovverk
  • personalansvar
  • ansvar for utarbeiding av turnus
  • fokus på tverrfagleg samarbeid
  • legge til rette og fylgje opp fritidsaktivitetar
  • bidra til å skape gode kvardagar og yte bistand i daglege gjeremål for brukar

 

Kvalifikasjonar:

  • 3-årig helse, sosial eller pedagogisk høgskuleutdanning 
  • leiarerfaring
  • kompetanse og erfaring knytt til gjeldande lovverk innan helse og omsorg med særskilt vekt på helse- og omsorgstenestelova kap. 9
  • Ynskjeleg med kompetanse innan utarbeiding av turnus
  • kommuniserer godt både skriftleg og munnleg
  • førarkort klasse B
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

 

Personlege eigenskapar:

  • tydeleg, med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • gode evner til relasjonsbygging er viktig for denne stillinga
  • løysingsorientert
  • strukturert og fagleg engasjert
  • liker fysisk aktivitet og friluftsliv

Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Vi tilbyr:

  • løn etter utdanning og erfaring
  • gode pensjonsordningar og rabatterte forsikringar i KLP

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

01.06.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Dale i Sunnfjord

Kontaktpersonar:

Bente S. Sæterdalen Solheim - Leiar tenestekontoret

tlf: +47 57738126

mob: +47 95222316

Adresse:

Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord

Kart: