
Vil du vere med og halde kommunen rein og samtidig få ein aktiv arbeidskvardag?
Reinhaldssentralen har ledig 100 % fast stilling og 100 % vikariat
Reinhaldssentralen søkjer etter engasjerte og pålitelege medarbeidarar til to 100 % stillingar – ei fast og eit vikariat. Her får du ein aktiv kvardag med varierte oppgåver. Er du klar for å gjere ein viktig jobb som blir lagt merke til?
Reinhaldssentralen har no to ledige stillingar:
Ei 100 % fast stilling med oppstart 1. januar 2026
Eit 100 % vikariat frå 5. februar til 10. juli 2026
Vi ser etter deg som trivst med reinhaldsarbeid, er nøyaktig og har auge for detaljar.
Den faste stillinga er for tida knytt til helseinstitusjon, og inneber noko arbeid i høgtider. Begge stillingane er på dagtid, måndag til fredag, med oppstart kl. 06.00. Vi ser etter deg som er fleksibel, påliteleg og klar for ein fysisk og aktiv arbeidsdag med varierte oppgåver.
- dagleg og periodisk reinhald av kommunale bygg
- vedlikehald av golv
- hovudreinhald
- andre oppgåver innan reinhaldsfaget
Kvalifikasjonar
- fagbrev som reinhaldsoperatør (krav for den faste stillinga).
- erfaring med dagleg og periodisk reinhald.
- minimum B1-nivå i norsk, både skriftleg og munnleg
- Må ha fylt 18 år
- Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil
Ønskjeleg:
- erfaring med bruk av reinhaldsmaskiner
Vi ser etter deg som er
- fleksibel og løysingsorientert
- serviceorient og omgjengeleg
- glad i varierte reinhaldsoppgåver og fysisk arbeid
- ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariff
- fast tillegg på kr 10 000, alltid på toppen av grunnløna
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- moglegheit til å ta fagbrev som reinhaldsoperatør parallelt med arbeid
Vil du bli ein del av eit team som verkeleg betyr noko – kvar einaste dag? Send søknad og bli med oss i Reinhaldssentralen!
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
02.11.2025
Tiltreding:
01.01.2026
Arbeidsstad:
Dale i Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Linn Iren Halvosen
mob: +47 90408598
Heimeside:
http://www.fjaler.kommune.noAdresse:
Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord