Fjaler kommune PPT Ytre Sogn og -Sunnfjord

Pedagogisk-psykologisk rådgjevar 100 % fast stilling

Vil du vere med og skape eit inkluderande og læringsfremjande miljø for barn og unge? Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk PP-rådgjevar til Pedagogisk-psykologisk teneste for Ytre Sogn- og Sunnfjord.

PPT for ytre Sogn og -Sunnfjord er ei interkommunal teneste for kommunane, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Solund. Fjaler er vertskommune og stillinga medfører arbeid i samtlege av tenesta sine kommunar. Tilsaman har vi 31 skular og barnehagar i kommunane. Kontoret vårt har tilsaman åtte stillingsheimlar. Kontorstad er Dale i Sunnfjord.

Arbeidsoppgåver

  • utgreiing og sakkunnig vurdering av barn, elevar og vaksne med behov for spesialpedagogisk hjelp eller individuell tilrettelagd opplæring
  • rådgjeving og rettleiing til føresette, barnehagar og skular
  • deltaking i tverrfagleg samarbeid og systemretta arbeid
  • bidra til utviklingsarbeid i tenesta og i samarbeid med andre instansar

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning på masternivå innan spesialpedagogikk
  • dersom manglande master, må søkjar vere villig til å skaffe seg slik utdanning
  • har ein ikkje testkompetanse må ein vere villig til å ta dette   
  • ynskje om ei brei og nyare praksis- og skulerfaring frå arbeid i skule
  • oppdatert på regelverk og lovar
  • erfaring frå PP- tenesta knytt til utgreiing, sakkyndig arbeid og rettleiing er eit ynskje
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • du må ha førarkort, klasse B. Tenestebil vert nytta i tenesta

Vi legg vekt på at du er personleg egna til stillinga.

 

Vi tilbyr

  • eit utviklingsorientert og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll
  • støtte til vidareutdanning og spesialisering for fast tilsette etter retningslinjer for tenesta/kommunen
  • løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar
  • god pensjonsordning gjennom KLP

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

07.12.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Dale i Sunnfjord

Kontaktpersonar:

Berit Louise Bjørnsen, leiar PPT

mob: +47 95255939

Kjell Roger Stien, kommunalsjef oppvekst Fjaler kommune

tlf: +47 57738060

mob: +47 90184680

Adresse:

Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord

Kart: