Fleksibel prosjektstilling som ergoterapeut 20 % stilling i inntil 6 månader
Vi har no ledig ei prosjektstilling som ergoterapeut i om lag 20 % stilling for ein periode på inntil seks månader. Stillinga er ein del av prosjektet Velferdsteknologi for barn, unge og vaksne med medfødd eller tidleg erverva nedsett funksjonsevne (BUV), der målet er å finne gode teknologiske løysingar som kan gje tryggleik og meistring for personar i denne målgruppa.
Hos oss får du høve til å bidra til ein betre kvardag og auka meistring for brukarane våre. Vi ser etter deg som har interesse for kartleggingsarbeid og miljøretta tenester.
Oppstart, arbeidstid og arbeidsdagar er fleksible og vert avtala nærare mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar før oppstart.
Du vil ha kontorstad ved fysio-/ergoterapiavdelinga på Fjaler helsetun. Tenesta har fem heile stillingsressursar fordelt på ein ergoterapeut og fire fysioterapeutar, inkludert turnuskandidat. Vi har eit triveleg og fagleg utviklande arbeidsmiljø med stor grad av autonomi.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vert avtala i samarbeid med vår faste ergoterapeut. Aktuelle oppgåver kan vere:
- Kartlegging av brukarar i miljøtenesta, utarbeiding av plan og eventuelt iverksetjing av relevante tiltak
- Oppfølging under rehabiliteringsopphald
- ADL-trening
- Søkje og gje opplæring i hjelpemiddel gjennom NAV
- Kartleggingsbesøk i heimen
- Trening av hand/arm etter hjerneslag, operasjon ved traume m.m.
Kvalifikasjonar
- Godkjend autorisasjon som ergoterapeut
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Politiattest samt godkjent MRSA- og tuberkulinattest må leggjast fram før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjon og samarbeidsevner
- Fleksibel og løysingsorientert
- Ansvarsbevisst og strukturert
- Interesse for kartleggingsarbeid og miljøretta tenester
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
- Løn etter utdanning og erfaring
- Godt arbeidsmiljø
- Erfarne og støttande kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du sender inn ein søknad. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
01.02.2026
Tiltreding:
Eter avtale
Arbeidsstad:
Dale i Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Ivar Vårdal, fagansvarleg ergo-/fysioterapitenesta
tlf: +47 57738118
Malene Solheim, ergoterapeut
tlf: +47 57738110
Heimeside:
http://www.fjaler.kommune.noAdresse:
Dalsvegen 81 6963 Dale i Sunnfjord