Koordinator i helsetenesta i 60 % vikariat
Vi har ledig eit 60 % vikariat som koordinator i Helsetenestene frå snarast og til 31.12.2026. 20 % av stillinga er på legekontoret og resterande 40 % stilling er med administrative oppgåver i helsetenesta.
Arbeidsoppgåver – administrativ del
I den administrative delen av stillinga vil du mellom anna arbeide med:
- Koordinering av strukturelle og administrative oppgåver, til dømes oppfølging av legeavtalar, organisering av praktiske forhold som tenestebilar, bustad og anna nødvendig logistikk.
- Utarbeiding, oppfølging og revisjon av prosedyrar og rutinar.
- Bemanningsplanlegging og støtte til dagleg drift.
- Deltaking i prosjekt, samt utviklings- og forbetringsarbeid.
- Samhandling på tvers av faggrupper og einingar for å sikre gode og samanhengande tenester.
Som tilsett ved legekontoret får du som kollegaer tre legar, ein turnuslege og to sjukepleiarar og ein helsefagarbeidar. Vi held til i lyse og trivelege lokale på Fjaler helsetun som ligg sentralt til i kommunesenteret Dale.
Arbeidsoppgåver på legekontoret, ein dag i veka
- ekspedisjonsarbeid/pasientkontakt
- laboratorieoppgåver som blodprøvetaking og behandling av desse
- asssistere legane
- journalføring i Infodoc
Kvalifikasjonar
- autorisert sjukepleiar eller anna helse utdanning
- erfaring med arbeid på legekontor er ønskjeleg
- praksis eller erfaring frå arbeid med prosjekt er ønskjeleg
- gode norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- gode IKT-kunnskapar
- den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest og tuberkulinerklæring
Personlege eigenskapar
- evne til å tenkje strategisk og har høg gjennomføringsevne
- serviceorientert og trivst med å arbeide med menneske
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- arbeider strukturert, sjølvstendig og fleksibelt
- er løysingsorientert og trivst i eit travelt arbeidsmiljø
Vi legg vekt på at du er personleg egna til stillinga.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
03.02.2026
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Dale i Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.fjaler.kommune.noAdresse:
Dalsvegen 81 6963 Dale i Sunnfjord