Fjaler kommune Flekke barnehage

Ledig vikariat for barne- og ungdomsarbeidar i Flekke barnehage

Flekke barnehage har ledig eit 100 % årsvikariat som barne- og ungdomsarbeidar/barnehageassistent frå snarast og fram til 01. juni 2027, med moglegheit for forlenging. Som fagarbeidar vil du vere med og aktivt bidra til og delta i det pedagogiske arbeidet på avdelinga. Vi ser etter deg som er god på å bygge relasjonar til barna og deira føresette og som vil vere med oss på å lage gode kvardagar for store og små. Har du engasjement og initiativ og kan syne empati og gje god omsorg for barna? Då kan det vere nettopp deg vi ser etter.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om stillinga.


Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært ein fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
  • Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid med barn kan bli vurdert, men søkjarar med fagbrev vil bli prioritert.
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og muntleg.
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Har godt samspel med barn og vaksne.
  • Er engasjert, omsorgsfull og har evne til å ta barneperspektivet.
  • Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør.

Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

  • Ein variert og kjekk kvardag.
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer.
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Givande leik med flotte barn kvar dag

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få
høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 


 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

10.05.2026

Tiltreding:

Snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

Flekke

Kontaktpersonar:

Torunn Åsnes

Stilling: Styrar Flekke barnehage

mob: +47 90065423

Adresse:

Hauglandsvegen 50 6968 Flekke

Kart: