Fjaler kommune Fjaler sjukeheim

Vi søkjer nye kollegaer ved Fjaler sjukeheim

To 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar ved Fjaler sjukeheim

Fjaler sjukeheim har no to ledige, faste 100 % stillingar som helsefagarbeidar. Vi søkjer deg som har hjarte for omsorg, fagleg engasjement og eit ynskje om å gjere ein forskjell – kvar einaste dag. Tenestene våre er i utvikling for å møte framtidas behov, og vi har spanande oppgåver både for nyutdanna og for deg med lang erfaring.

Som helsefagarbeidar hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø. Du vil arbeide tett med bebuarar, pårørande og kollegaer for å sikre trygg, verdig og individuelt tilpassa omsorg.

I februar 2024 starta sjukeheimen eit spennande utviklingsarbeid knytt til oppgåvedeling (TØRN-prosjektet). Målet er at helsefagarbeidarane hos oss skal få nye oppgåver, auka kompetanse og meir ansvar i avdelingane.

Vi har årsturnus på 52 veker med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg, eller langvakter med arbeid kvar fjerde helg. Ordninga er frivillig.

Har du lyst til å bli ein del av laget vårt og vere med på å skape gode augeblikk for andre? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utførte på ein smidig og forsvarleg måte

  • Sikre at det vert gitt fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukaren

  • Dokumentasjon og oppfølging i tråd med gjeldande rutinar

  • Medikamenthandtering

  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til godt samarbeid med dei andre einingane

  • Jobbe kunnskapsbasert

  • Jobbe for auka fagleg utvikling

  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper og på tvers av avdelingane

  • Vere ein god rollemodell

  • Rettleiing av elevar og studentar i praksis


Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar

  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • Den som vert tilsett må leggje fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Du er omsorgsfull, påliteleg og engasjert

  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst

  • God på kommunikasjon

  • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø

  • Engasjement for eldreomsorg

  • Gode samarbeidsevner

  • Godt humør

  • Fleksibel

Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram for nytilsette

  • Fadderordning

  • Løn etter utdanning og erfaring

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

  • Moglegheit for fagleg utvikling

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

Del på:

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

19.05.2026

Tiltreding:

frå snarast elller etter avtale

Arbeidsstad:

Dale i Sunnfjord

Kontaktpersonar:

Evy Solheim

tlf: +47 57738147

Adresse:

Dalsvegen 81 6963 Dale i Sunnfjord

Kart: