Fagarbeidar med fleksibel arbeidstid i turnus i Miljøtenesta, tre 100 % faste stillingar
Miljøtenesta har tre ledige faste 100 % stillingar, og vi søkjer både helsefagarbeidarar og barne- og ungdomsarbeidarar. Vi lyser ut stillingar med fleksibel arbeidstidsordning, der arbeidstida kan organiserast som todelt turnus, langvakter eller døgnvakter i årsturnus. Arbeidstidsordninga blir fastsett ut frå gjeldande regelverk og verksemda sitt behov.
Vi håper du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Vi gler oss til å fortelje deg meir om korleis det er å vere ein del av tenesta vår, og korleis dei dyktige tilsette hos oss jobbar godt og målretta med miljøarbeid og helsehjelp til brukarane i tenesta.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar.
- Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar.
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar med brukar.
- Samarbeid og ivaretaking av brukarar og pårørande.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Journalføring og dokumentasjon.
- Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
- Førarkort kl. B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Du må bidra aktivt til et positivt arbeidsmiljø
- Engasjement for miljøarbeid for personar med utviklingshemming
Vi tilbyr:
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjonsordningar
- Rabatterte forsikringar i KLP
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
21.06.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Dale i Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.fjaler.kommune.noAdresse:
Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord