Integreringskonsulent - årsvikariat i 100 % stilling
Fjaler kommune har ledig eit 100 % vikariat som konsulent i Integreringstenesta, med varigheit på inntil eitt år og moglegheit for forlenging.
Fjaler kommune har busett nærare 120 flyktningar sidan 2015, og vil etter planen busetje fleire i åra som kjem.
Tenesta har i dag éi fast stilling i tillegg til den som no er lyst ut. Kommunalsjef for kultur og samfunnsutvikling er næraste leiar og du vil ha kontorstad på kommunehuset i Dale.
Som integreringskonsulent hos oss, vil du ha tett samarbeid internt i Integreringstenesta og med andre tenester som vi samarbeider med. Du vil i hovudsak ha praktiske oppgåver i samband med mottak av nye flyktningar og rettleiing og hjelp til dei som allereie er busett i kommunen. Det er viktig at du er god på å skape relasjonar og har interesse for å drive godt integreringsarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing og oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogrammet.
- Administrative oppgåver som er tillagt integreringtenesta.
- Vere med å sikre god oppfølging av den einskilde i samarbeid med mellom anna lege/helsestasjon, skule/barnehage, vaksenopplæring og NAV.
- Kontakt med arbeidsgjevarar og oppfølging av deltakarar i språkpraksis.
- Praktisk arbeid i samband med busetjing.
- Rettleiing på personleg økonomi og bustad.
- Koordinering fritid barn og unge.
- Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
- Sakshandsaming.
Noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid kan bli aktuelt i periodar.
Kvalifikasjonar:
- Relevant 3-årig høgskule utdanning.
- Søkjarar med relevant fagbrev – til dømes helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar – eller med særleg relevant erfaring frå integrerings-, inkluderings- eller flyktningarbeid kan òg søkje og vil bli vurderte.
- Erfaring frå arbeid med rettleiing av menneske er ein føremon, men ikkje noko krav.
- Grunnleggande digital kompetanse og evne til å setje seg inn i fagsystem.
- Evne til å setje seg inn i lover og regelverk som gjeld tenesta.
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Interesse for integreringsarbeid
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide løysingsorientert, strukturert og sjølvstendig
- Fleksibel, som gjer at du raskt kan gå frå den eine til den andre oppgåva
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.
Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt med oss for å få vite meir, vi ser fram til å høyre frå deg.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
02.08.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Dale i Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.fjaler.kommune.noAdresse:
Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord