Du søkjer på stillinga

Den spanande jobben som rektor på Våge skule er no ledig

  Våre personvernvilkår

Føremålet med behandlinga
Vi er opptekne av å verne ditt personvern. Personopplysningane du deler med oss når du søker på ei stilling i Fjaler kommune vert behandla for at Fjaler kommune skal kunne vurdere deg som kandidat til den utlyste stillinga.

Behandlingsansvarleg
Fjaler kommune er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane du registrerer gjennom våre rekrutteringsløysingar. Vi brukar rekrutteringsportalen Easycruit for registrering av CV og søknad, som er ei skyteneste utvikla av Visma. Dei opplysningane du registrerer i samband med søknaden blir overført til vårt elektroniske sak- og arkivsystem for vidare saksbehandling. Sak- og arkivsystemet følger den offentlege standarden NOARK.

Behandlingsgrunnlag
For å kunne behandle dine personopplysningar i samband med rekrutteringsprosessen, treng vi ditt samtykke. Du kan når som helst trekke tilbake ditt samtykke til behandling av personopplysningar ved å sende ein e-post til postmottak@fjaler.kommune.no.
Det er frivillig å gi samtykke, men dersom du ikkje gir samtykke vil vi ikkje kunne vurdere deg som kandidat til stillingar i Fjaler kommune. Det same gjeld om du trekk tilbake samtykket ditt.
Du gir ditt samtykke ved å krysse av nedst på sida at du har akseptert personvernvilkåra.

Personopplysningar som vert behandla
Personopplysningar som vert behandla er dei du sjølv deler i samband med rekrutteringsprosessen, det vil seie namn og kontaktopplysningar, samt opplysningar om utdanning, arbeidserfaring og andre kvalifikasjonar. For enkelte stillingar er det krav om politiattest. Dersom dette er aktuelt for stillinga du blir vurdert til, vil du motta meir informasjon om dette seinare i rekrutteringsprosessen.

Utlevering av personopplysningar
Fjaler kommune deler berre dine personopplysningar med tredjepartar dersom det er ei lovbestemt plikt.

Easycruit er ei skyteneste som er utvikla av Visma. Dermed kan Visma-konsernselskap og deira underleverandørar av IT-tenester få tilgang til personopplysingar om deg som søkar. Alle våre databehandlarar er underlagt databehandlaravtalar for å sikre personvern i samsvar med EU sin personvernforordning, General Data Protection Regulation (GDPR) og Lov om behandling av personopplysningar (personopplysningsloven). Databehandlarar utanfor EU er underlagt overføringsmekanismar som er godkjent av EU-kommisjonen.

Dine rettar
Du har rett til innsyn i dine personopplysningar og informasjon om korleis vi behandlar dei i rekrutteringsprosessen. Dersom registrerte opplysningar er feil eller ufullstendige, kan du krevje at dei vert retta, supplert eller sletta etter reglane i personopplysningslova. Du kan bruke funksjonane for profilredigering i Easycruit-kontoane dine for å slette, laste opp og redigere informasjon.

Personopplysningar som inngår i avslutta rekrutteringsprosessar vert sletta manuelt kvar 6. månad. Dersom du aksepterer eit jobbtilbod frå oss, vil dine personopplysningar ikkje bli sletta, men i staden bli behandla i samsvar med Fjaler kommune sine retningslinjer for behandling av personopplysningar om tilsette.

Du kan til ei kvar tid ta kontakt med Fjaler kommune om spørsmål om innsyn, retting, supplering eller sletting av personopplysningar. Om du meiner vi ikkje behandlar personopplysningar på måten regelverket krev, kan du klage til Datatilsynet. Informasjon om korleis du bør gå fram finn du på Datatilsynet sine nettsider.

Kontaktinformasjon Fjaler kommune:
• Adresse: Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
• Telefon: 57 73 80 15
• E-post: postmottak@fjaler.kommune.no.

Personvernombod
Carl Nyborg-Christensen er vårt personvernombod. Du kan ta kontakt med han om du treng hjelp eller om det er noko du lurer på om kommunen sin lagring av personopplysningar eller personvern.

Kontaktinformasjon personvernombod:
• Carl Nyborg-Christensen, telefon: 952 01 004
• E-post: : personvernombod@sysikt.no

  Allereie registrert?

 
Sida opnast i eit nytt vindauge