Fjaler kommune Oppvekst

Er du ein engasjert, målbevisst og fagleg dyktig pedagog?

100% vikariat som lærar ved Dingemoen skule

Ein av våre kollegaer skal ut i svangerskapspermisjon. Vi søkjer difor etter ein vikar i perioden 27. februar til 16. juni 2023.

Vi ser etter ein dyktig og engasjert lærar som ynskjer å jobbe som kontaktlærar i småskulen.

Deg vi ser etter er ein synleg og trygg rollemodell for alle elevane våre. Du er god på relasjonsbygging og trivast godt med kollegasamarbeid.

Du er raus, engasjert, positiv, framtidsretta og trygg. Du toler eit høgt tempo og er fleksibel med tanke på arbeidsoppgåver. Du er nysgjerrig og har lyst til å bidra til ein inkluderande skule.

Tilsetjing krev godkjent politiattest og det å vere personleg skikka vert vektlagt. 

 

Kvalifikasjonar

  • Grunnskulelærar 1-7 eller 5-10, ev anna relevant pedagogisk utdanning
  • Fagynskjer norsk, engelsk, matematikk, samt spesialpedagogisk kompetanse
  • Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
  • Vere ein klår og tydeleg klasseleiar
  • Evne til å skape trygge og gode relasjonar til elevane
  • Gode samarbeidsevner, vere initiativrik og fleksibel
  • Evne til å setje seg inn i og endre praksis i tråd med fagfornyinga
  • Kunne delta i fagleg utviklingsarbeid i ein travel kvardag

 

Vi tilbyr

  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Eventuelle kontaktlærarar får eit tillegg på kroner 33.000 per år
  • Redusert undervisningsplikt for nyutdanna
  • Noregs beste pensjonsordning i SPK
  • Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer
  • Mentorordning for nyutdanna

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin. Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest.

 

Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillingane og arbeidsplassen. Vi ser fram til å høyre frå deg. 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

11.12.2022

Tiltreding:

27.02.2023

Arbeidsstad:

Dale

Kontaktpersonar:

Eli-Terese Sande

tlf: +47 57738161

mob: +47 41161021

Adresse:

Dingemoen 6963 Dale i Sunnfjord