
Har du interesse for samfunns- og arealplanlegging?
Samfunns- og arealplanleggar på Teknisk kontor
Er du interessert i å arbeide med spanande og utfordrande oppgåver innan planlegging og utvikling av lokalsamfunn? Vi har no ledig ei 100 % fast stilling som samfunns- og arealplanleggar ved teknisk kontor.
Hovudoppgåvene i stillinga vil vere knytt til kommunale planar og prosjekt. Vi har totalt to planstillingar på kontoret der hovudoppgåver til den andre planleggaren er knytt til private reguleringsplanar, dispensasjonar og handsaming av saker etter anna lovverk. Vi på teknisk kontor har tett samarbeid mellom plan og byggesak. I tillegg jobbar vi tverrfagleg med eining for kultur og samfunnsutvikling. Vi har eit nyoppretta internt planforum som skal vere ein arena for å sikre tverrfagleg samarbeid mellom alle einingane i kommunen. Planforumet skal og sikre gjennomføring av planstrategien og samanhengen mellom planverka.
Vi ser etter deg som trivast med eit høgt tempo, har god kompetanse på planarbeid, gjerne også med erfaring frå offentleg sektor. Som vår nye kollega vil du få ei sentral rolle i det administrative planarbeidet i kommunen. Vi ønskjer oss difor søkjarar som har interesse for å løyse viktige samfunnsoppdrag. I tillegg til samarbeid internt vil du samarbeide med utviklingsaktørar som Nytta AS og offentlege instansar. Nytta AS er eit nyetablert samfunns- og næringsutviklingsselskap i Fjaler, som skal bidra til skape berekraftig og positiv vekst i næringslivet og lokalsamfunnet
Vi er i startfasen av arbeid med både kommuneplanen sin samfunnsdel, kommunedelplan for Dale og trafikktryggleiksplan. Arbeid med bustadutvikling er eit sentralt tema i tida som kjem.
Ta gjerne kontakt med oss om du vil du vite meir om stillinga og korleis vi jobbar i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeiding av kommunale planar
- Oppfølging av konsulentar i samband med utarbeiding av kommunale planar
- Sakshandsaming av kommunale arealplanar og andre planar
- Samarbeid med plan og byggesak om saksbehandling av private reguleringsplanar, dispensasjonar og andre aktuelle saker
- Saksbehandling av saker etter anna lovverk som konsesjonssaker innan akvakultur og vassdragssaker
- Miljø- og klimaarbeid
- Rettleiing av publikum
- Andre relevante arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Utdanning på høgskule- eller universitetsnivå som planleggjar eller anna relevant høgare utdanning
- Relevant erfaring innan offentleg forvaltning, planlegging og GIS blir vektlagt
- God kjennskap til plansystemet og relevant lovverk
- Kommunisere godt både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Trivast med å finne gode løysingar i arbeidskvardagen
- Dedikert til faget og oppgåvene dine
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- Eit aktivt arbeidsmiljø saman med engasjerte kollegaer
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
03.08.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Dale i Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.fjaler.kommune.noAdresse:
Fjalerhuset Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord