Fjaler kommune Oppvekst

Er du ein engasjert, målbevisst og fagleg dyktig pedagog?

100 % vikariat som lærar ved Flekke skule

Ein av lærarane skal snart ha foreldrepermisjon, og vi har derfor ledig 100% vikariat som lærar frå 14.02.2023 og fram til sommarferien. Det kan vere aktuelt med tidlegare oppstart. Stillinga omfattar undervisning på 5.-7. klassetrinn, både i samla klasse og mindre grupper. Noko av stillinga kan vere spesialundervisning.

Vi søkjer ein utdanna lærar med brei undervisningserfaring, som klarer å skape god relasjon til elevane. Du må vere strukturert, men også fleksibel, og ha gode samarbeidsevner. 

Flekke skule og barnehage ligg inst i Flekkefjorden, om lag ei mil sør for kommunesenteret Dale, og  knapt ein times køyring frå Førde. Skulen har 41 elevar og er tredelt. Skulen og barnehagen er samlokaliserte og samarbeider godt, med både planlagde og spontane fellesaktivitetar. Vi er mykje utandørs. Miljøet vårt er roleg og oversiktleg, og vi opplever at barnehagen og skulen er viktige i bygda. Uteområdet vårt er mykje brukt på ettermiddagstid og i helgene.

 

Kvalifikasjonar

  • Grunnskulelærar 1-7 eller 5-10, eller anna godkjend pedagogisk utdanning
  • Spesialpedagogisk kompetanse er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
  • Vere ein klår og tydeleg klasseleiar
  • Evne til å skape trygge og gode relasjonar til elevane
  • Gode samarbeidsevner, vere initiativrik og fleksibel
  • Evne til å setje seg inn i og endre praksis i tråd med fagfornyinga
  • Kunne delta i fagleg utviklingsarbeid i ein travel kvardag

Det blir vektlagt om ein er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Eventuelle kontaktlærarar får eit tillegg på kroner 33.000 per år
  • Redusert undervisningsplikt for nyutdanna
  • Noregs beste pensjonsordning i SPK
  • Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer
  • Mentorordning for nyutdanna

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin. Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest.

 

Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillingane og arbeidsplassen. Vi ser fram til å høyre frå deg. 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

11.12.2022

Tiltreding:

14.02.2023

Arbeidsstad:

Flekke

Kontaktpersonar:

Magnhild Hoddevik

tlf: +47 57738077

mob: +47 99573413

Adresse:

Hauglandsvegen 50 6968 Flekke