Fjaler kommune Personal og organisasjon

Har du lyst til å levere gode tenester saman med trivelege kollegaer?

Merkantil konsulent i personal- og organisasjon 60 % vikariat

Personal- og organisasjon har ledig eit 60 % vikariat som konsulent frå 1. oktober eller etter avtale, og eit år fram i tid. Vi ser etter deg som kan jobbe tre dagar i veka, fortrinnsvis måndag, tysdag og fredag.

Eit år hos oss vil gje deg eit godt innblikk i korleis ein kommune fungerer frå innsida og mange gode erfaringar. Du får ein variert kvardag i lag med gode kollegaer. Vi har introduksjonsprogram for nytilsette,  løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ og svært gode pensjons- og forsikringsordningar.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga. Vi høyrer gjerne i frå deg.

Viktigaste arbeidsoppgåver

  • Yte service overfor innbyggarar på sentralbord og i publikumsmottak
  • Arbeid knytt til arkiv, post og journalføring
  • Oppgåver under gjennomføring av stortingsval neste haust
  • Andre administrative oppgåver for organisasjonen

Vi ser etter deg som:

  • likar å yte service og har godt humør
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er lærevillig og arbeider strukturert og målretta
  • har fokus på forbetring og effektivisering
  • er ansvarsfull og til å stole på
  • bidrar positivt til arbeidsmiljøet 

Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga

 

Kvalifikasjonar:

  • Ønskeleg med fagbrev i service- og administrasjonsfaget eller liknande
  • Anna relevant utdanning og/ eller erfaring kan kompensere for fagbrev  
  • Søkjarar må ha fylt 18 år
  • God digital kompetanse
  • Gode norsk kunnskapar, både skriftleg og munnleg

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

19.09.2024

Tiltreding:

01.10.2024 /eller etter avtale

Arbeidsstad:

Dale i Sunnfjord

Kontaktpersonar:

Wenche Elveseter

tlf: +47 57738015

mob: +47 48021535

Adresse:

Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord

Kart: