
Sommarvikariat på Fjaler folkebibliotek
Vi har ledig sommarvikariat i ca 50 % stilling på Fjaler folkebibliotek. Vi ser etter deg som har interesse, for litteratur og litteraturformidling og kan jobbe 3 dagar i veka, i veke 29, 30, 31 og 32. Fjaler folkebibliotek finn du i 1. etasje på Fjalerhuset, og det er ein fin møteplass for små og store, unge og eldre.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga, vi ser fram til å høyre i frå deg.
Personlege eigenskapar:
- Interesse for å arbeide med menneske
- Interesse, og kunnskap om, litteratur og litteraturformidling
- Fleksibel og sjølvstendig
Kvalifikasjonar
- Det er ein fordel om du har utdanning eller erfaring frå bibliotek eller liknande studieretningar.
- Søkjar må ha fylt 18 år
- snakke og skrive godt norsk
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- Opplæring
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offenteg.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Søknadsfrist:
28.04.2025
Tiltreding:
Medio juli
Arbeidsstad:
Dale i Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.fjaler.kommune.noAdresse:
Fjalerhuset Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord